Sikresiden.no lages av og for norske universitet, høgskolar og forskingsverksemder. Ca. 30 universitet og høgskoler i Noreg er deltakarar i sikresidensamarbeidd.
På sikresiden.no ligg det informasjon om sikkerheit for både tilsette, studentar og besøkande til KRUS.
Formålet med nettstaden er å gi opplæring for å førebygge situasjonar, og dessutan hjelp til kva du kan gjere i ein akutt situasjon. Nettsida er bygd opp med éin førebyggande del (blir vist med svarte ikon) og éin del for akutte situasjonar (blir vist med raude ikon).
For å få opp informasjon som er tilpassa KRUS, må du velje KRUS som institusjon/tilhøyrsle i nedtrekkmenyen til høgre/øvst på sikresiden.no (ekstern lenke).