Rådgjevar/seniorrådgjevar - jurist

Vi ser etter deg som ønskjer å bidra med juridisk kompetanse i ein ny og spanande fase i høgskulen si utvikling. KRUS veks i talet på studietilbod, og stortingsmeldinga “Straff som verkar” (juni 2025) legg føringar for fleire endringar ved høgskulen, mellom anna at fengselsbetjentutdanninga skal givast som ein bachelorgrad. Dette opnar for nye og engasjerande juridiske problemstillingar, som vi håpar du vil bruke fagkunnskapen din til å løyse saman med oss. 

Som jurist ved KRUS vil du vere ein nøkkelperson innanfor eit breitt spekter av juridiske problemstillingar. Arbeidsdagane vil vere varierte, og innehalde alt frå juridisk rettleiing, saksbehandling og utgreiingar innanfor arbeidsrett, til forvaltningsrett, uh-lova, partssamarbeid og personvern. Du blir óg ein viktig ressurs for både leiarar og tilsette, og eit bidrag til at høgskulen blir driven i tråd med gjeldande lover og forskrifter. 

Har du spørsmål om stillinga? Ta kontakt med avdelingsleiar Nina Stenvaag Leira på tlf. +47 917 96 061 eller e-post nina.stenvaag.leira@krus.no 

Les meir og søk her

Rådgjevar/seniorrådgjevar i kriminalomsorgas kompetansesenter

Ønskjer du å bidra til å forme framtidas kriminalomsorg ved å utvikle kompetansetilbod som styrkjer kunnskapsbasert straffegjennomføring?

For å møte kriminalomsorga sitt aukande behov for kompetanse innan radikalisering og valdeleg ekstremisme, tryggleik og beredskap – samt styrkje vår deltaking i internasjonale aktivitetar gjennom EØS-prosjekt – har KRUS oppretta ei ny stilling. Som rådgivar/seniorrådgivar vil du få ansvar for å utvikle og levere kompetansetiltak innanfor desse områda, både nasjonalt og internasjonalt.

Har du spørsmål om stillinga? Ta kontakt med avdelingsleiar Hege C. Lauritzen på telefon +47 984 65 818 eller på e-post hege.lauritzen@krus.no

Les meir og søk her

Rådgjevar/seniorrådgjevar i kriminalomsorgas kompetansesenter

For å møte kriminalomsorga sitt aukande behov for kompetanse innan rusproblematikk – samt ulike tiltak for ivaretaking av tilsette, og for å bidra til å styrkje vår deltaking i internasjonale aktivitetar gjennom EØS-prosjekt – har KRUS oppretta ei ny stilling. Som rådgjevar/seniorrådgjevar vil du få ansvar for å utvikle og levere kompetansetiltak innanfor desse områda, både nasjonalt og internasjonalt.

Hos oss får du moglegheita til å vere med på å utvikle framtidas kriminalomsorg. Du vil jobbe tett på praksisfeltet, med både kompetanseheving og utviklingsarbeid. Vi ser etter deg som trivst med å jobbe på tvers av fagområde, i samarbeid med andre så vel som sjølvstendig. Det kan òg bli aktuelt å bidra i undervisning på høgskulekandidat- og/eller bachelorstudiet i straffegjennomføring.

Har du spørsmål om stillinga? Ta kontakt med avdelingsleiar Hege C. Lauritzen på telefon +47 984 65 818 eller på e-post hege.lauritzen@krus.no

Les meir og søk her