Kurs-/konferansestad og kostnader

Informasjon om datoar, påmeldingsfristar og gjennomføringsform finn du på den aktuelle kurssida. Kurssidene blir fortløpande oppdaterte. Dersom anna ikkje er oppgitt, vil arrangementet gjennomførast i KRUS sine lokale i Solheimsgata 21, Lillestrøm.

Lokala til KRUS er ein del av Kriminalomsorgens hus, ved Lillestrøm torg, ca 8-10 gonge frå jernbanestasjonen. KRUS kan ikkje tilby parkering, men det er offentlege parkeringsplassar mot avgift nær bygget.

Når arrangementet føregår i KRUS sine lokale, blir lunsj dekt. Ver vennleg og meld frå til KRUS i samband med påmelding dersom du har matallergi.

Overnatting for deg som er tilsett i kriminalomsorga

Det er vedtatt at frå 1. januar 2022 skal lokalt nivå dekke overnatting og reise for dei tilsette dei sender til ulike tilbod ved KRUS. KRUS avviklar derfor ordninga med at vi dekker overnattingsutgifter.

Kriminalomsorga har inngått avtale med Thon Hotel Arena som det kan visast til dersom ein har behov for overnatting.

Påmelding og påmeldingsfristar

Påmeldingsskjema ligg under kvar kurspresentasjon.

Påmeldingsfristane for kursa er oppgitt under kvar enkelt kursskildring. Vêr oppmerksam på tidlege påmeldingsfristar for enkelte av kursa.

Avmelding

Dersom du har fått plass på eit kurs og må melde avbod, skal dette skje skriftleg til KRUS, med e-postadresse kurs@krus.no.

Sikkerheit

Informasjon om sikkerheit for alle som besøker KRUS finn du på nettstaden På den sikre siden (ekstern lenke).

Du finn også informasjon om tryggleik på våre heimesider.