Direktør og styret

Direktør

Direktøren har fått delegert mynde for og utøver det operative, overordna ansvaret for å sikre og utvikle studiekvaliteten, sørge for at det systematiske kvalitetsarbeidet til kvar tid tilfredsstiller gjeldande interne og eksterne krav, og utvikle kvalitetskulturen ved KRUS. Direktøren skal sjå til at høgskulens vitskapleg tilsette, administrative verksemd og forvaltning støttar opp om høgskulens utdannings- og forskingsverksemd, at kvalitetsarbeid har fokus ved høgskulen, og at mål og rammer for kvalitetsarbeidet blir følge opp. Vidare skal direktøren vurdera forslag om kvalitetsbetringar og vedta tiltak.  

Direktøren har delegert gjennomføringsansvaret for kvalitetsarbeidet til instituttleiar.

Styret

KDI har på same måte som eit høgskulestyre det overordna ansvaret for sentrale plandokument, herunder kvalitetssystemet ved høgskulen. Ansvaret for kvalitetsarbeidet er delegert til direktør ved KRUS. Direktør vedtar årleg kvalitetsrapport, tiltaksplan og studieprogramportefølje. KDI skal godkjenne nye studietilbod som blir søkte akkreditert av NOKUT.

KDI skal gjennom styringsdialogen sikra god styring, oppfølgning, kontroll og forvaltning av KRUS, herunder nødvendig styringsdialog som følger av at KDI er tillagt ein funksjon som styre, jf. innlemmingsforskrifta § 2. Kapittel 9 i UH-loven er ikkje gjort gjeldande for KRUS. Dette inneber at KDI skal vareta fleire av dei oppgåvene som eit styre for høgskulen normalt handterer. Med KDI meinast direktøren for KDI, eller vedkommande som er bemyndiget av direktøren for KDI. 

Instituttleiar

Instituttleiaren har eit delegert, overordna ansvar for kvalitetsarbeidet i studiane. Instituttleiaren har ansvar for at kvalitetskulturen blir vidareutvikla i høgskolen. Instituttleiar skal sørge for at nye leiarar og nytilsette får opplæring i kvalitetssystemet og at studentar får kjennskap og moglegheit til å påverke i det systematiske kvalitetsarbeidet.

Instituttleiar leier Læringsmiljøutvalet (LMU), dersom utvalet ikkje konstituerer annan leiar, og Studieutvalet (SU). Instituttleiar har også det overordna ansvaret for Kvalitetsutvalets (KUs) arbeid, at det blir utarbeidd ein årleg kvalitetsrapport, og at mål og tiltak blir gjennomført og blir budsjettert.

Instituttleiar rapporterer til direktør.

Kvalitetskoordinator

Kvalitetskoordinator har gjennomføringsansvar for kvalitetsarbeidet og dokumentasjon etter krava og skal bidra til at kvalitetskultur blir halde ved like og blir utvikla i høgskolen. Koordinator skal bistå med å gi tilsette og nytilsette opplæring i kvalitetssystemet, skal samle og analysere data frå evalueringsarbeidet, bistå leiarane i instituttet i strategiarbeidet, evalueringsresultat, vedtatte tiltak og føringar om kvalitetsbetringar. Kvalitetskoordinator har særlege oppgåver knytt til utarbeidinga av årleg kvalitetsrapport. 

Koordinator rapporterer til instituttleiar.

Studieleiarar

Studieleiar har programansvar for studieprogrammet og er ansvarleg for utvikling av kvaliteten i studietilboda. Studieleiar har ansvar for å bidra til kvalitetskultur og utvikle kvalitetssystemet, retningslinjer og rutiner innanfor sitt ansvarsområde. Studieleiarar skal løpande vurdere kvaliteten i studieprogrammet, delta og lede forum der studieprogrammets kvalitet drøftast. Videre skal dei følge opp foreslåtte kvalitetsforbedringar og har ansvar for emne- og studieprogramrevisjon innan tildelte område. Dei skal årleg skrive kvalitetsrapport frå programmet.

Programansvarlege studieleiarar rapporterar til instituttleiar.  

Emneansvarlege

Emneansvarlege har ansvar for daglig oppfølging og kontakt med underviserar og studentar, og skal aktivt bidra i planlegging, koordinering og gjennomføring av emne. Emneansvarlege skal sikre at det er en samanheng mellom innhald, undervisningsformer, studentaktivitet, pensum, vurdering og oppnådd læringsutbytte som er beskrivne i emneplan og studieplana. Vidare har emneansvarlege ansvar for å gjennomføre emneevalueringar i tråd med retningslinjer for evalueringar. 

Emneansvarlege samarbeider med studieleiar og andre emneansvarlege om emne- og studieprogramforbedringar og revisjon, og skal saman med dei og andre underviserar på emnet bidra til å gjennomføre kvalitetssystemet, oppretthalde og videreutvikle retningslinjer og rutiner innanfor sitt ansvarsområde.

Emneansvarlege rapporterar til programansvarlig studieleiar. 

Undervisarar

Undervisarar er vitskapelege tilsette som undervisar og vurderar eit emne og inngår i ei emnegruppe. Undervisar har ansvar for å legge til rette for studentanes læringsaktiviteter slik at studentane oppnår det læringsutbyttet som er beskrive i emneplana. Undervisar har ansvar for å gjennomføre arbeidet i samsvar med høgskolens rutiner og retningslinjer.  

Undervisarar er medansvarleg for å gjennomføre evalueringer og deltar i utvalg og forum der kvalitetsarbeidet drøftast og nødvendige tiltak setjast i verk. Underviserar er også medansvarlege for utvikling og oppdatering av utdanninga i samarbeid med andre vitskaplege tilsette, underviserar og emneansvarlege.   

Det forventast at underviserar og øvrige vitskaplege tilsette har god kunnskap om det systematiske kvalitetsarbeidet. Alle vitskaplege tilsette har ansvar for å reflektere over eige arbeid, tilby og etterspørre rettleiing. Kollegrettleiing og medarbeidarsamtalar er aktuelle arenaer for dette.

Praksisansvarleg

Praksisansvarleg leier praksisteamet som har ansvar for studiearbeidet i opplæringseiningane. Praksisansvarleg skal legge til rette for og koordinere kvalitetsarbeidet i opplæringseiningane, både for aspirantleiarar, aspirantrettleiarar og aspirantar. Det skal utarbeidast ein årleg kvalitetsrapport på utvalte kvalitetsområder som skal samanfatte funn frå aktuelle kjelder.

Praksisansvarleg rapporterar til programansvarlig studieleiar og instituttleiar. 

Aspirantleiarar

Aspirantleiarar skal ha jamleg dialog med aspirantane og aspirantrettleiarane om aspirantanes læringsarbeid i opplæringseiningane. Dei skal årleg rapportere om kvalitet frå eiga opplæringseining, og i årsrapportane identifisere kvalitetsutfordringar ved opplæringseininga.

Aspirantleiarane skal ha løpande kontakt med praksisansvarleg og praksisteamet og deltek jamleg på aspirantleiarsamlingar.

Avdeling for fellestenester og fagstøtte

Avdeling for fellestenester og fagstøtte (AFF) bidrar med sentrale ressursar i høgskolens arbeid, av dette rekruttering og opptak, studieadministrasjon, bibliotektenester, internasjonalt arbeid, IT–drift og kommunikasjon. Avdelinga har også ansvar for å drifte, vedlikehalde og videreutvikle kvalitets- og evalueringssystemet.

Seksjon for studieadministrasjon støttar med praktisk gjennomføring av evalueringar i tråd med vedtekne retningslinjer for evaluering av studiekvalitet ved KRUS. Seksjonsleiar studieadministrasjon har eit overordna ansvar for dette, i tillegg til ansvar for utvikling og rapportering av inntaks- og resultatkvalitet.

Aspirantar

Aspirantar er viktige partnarar i kvalitetsarbeidet, og bidrar med verdifulle vurderingar for utvikling av god studiekvalitet. Aspirantane er gjennom kvalitets- og evalueringssystemet, samt deltaking i råd og utval, med på å påverke og forme studiane ved KRUS. Aspirantrådet og Aspirantrådenes arbeidsutval (AAMU) er aspirantanes eigne forum for å arbeide med og fremme saker til ulike utval.   

Studentar

Studentar er viktige partnarar i kvalitetsarbeidet, og bidrar med verdifulle vurderingar for utvikling av god studiekvalitet. Studentane er gjennom kvalitets- og evalueringssystemet, samt deltaking i råd og utval, med på å påverke og forme studiane ved KRUS.