Seniorkonsulent
Vi søkjer ein engasjert seniorkonsulent som likar å ta ansvar og som blir motivert av prosjektarbeid. Høgskolen og utdanningssenteret til kriminalomsorga KRUS er i stor utvikling, og vil som følgje av det ha fleire prosjekt i 2026. Vi har difor behov for ein fleksibel og sjølvstendig medarbeidar som vil få ein sentral rolle i utviklinga av campus. Vi ser etter ein person med gode kommunikasjonsevner som kan formidle informasjon tydeleg og profesjonelt, både internt og eksternt.
På grunn av vår nye deltidsutdanning kan det òg bli aktuelt å delta i rekrutterings- og opptaksprosessane. Dette er stillinga for deg dersom du trivst med å arbeide på tvers av fagområde, i samarbeid med andre så vel som sjølvstendig. På KRUS har vi eit godt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidere og stor grad av samarbeid på tvers av fagområder og seksjoner.
Stillinga er mellombels for eitt år, med moglegheit for forlenging.
Har du spørsmål om stillinga? Ta kontakt med avdelingsdirektør Nina Stenvaag Leira på tlf. 917 96 061 eller e-post nina.stenvaag.leira@krus.no.
